Kaos på Hareid ferjekai - turnarar og handballspelarar på veg heim:

Berekn god tid

Mange ønskjer å kome seg over frå Hareid til Sulesund søndag ettermiddag.  Foto: Tipsar.

Nyhende

Ein lesar sende inn eit bilde av stoda på Hareid ferjekai søndag ettermiddag - og ein kan tydeleg sjå at det er mange bilar som ventar på å ta ferja over til Sulesund.

Både det store kretsturnstemnet i Ulsteinhallen og Ulsteincup i Ulstein Arena går mot slutten - og mange av deltakarane er på veg heim.

Berekn difor god tid om du skal over frå Hareid til Sulesund søndag ettermiddag.