Gårsdagen:

På campingtur

Karl og Herborg på campingtur i ein Opel Kadett, med sonen Kjell Harald i baksetet, truleg på tur nedover til Hordaland.  Foto: Privat.

Nyhende

I det siste har det vore ein god del skriveri i denne spalta om Ulsteinvik kvinneforeining, Ulsteinvik eldre kvinneforeining og «Herborg»-foreininga, som ho også vart kalla, den eldste misjonsforeininga i Ulsteinvik. Dagens foto er av Herborg og ektemannen Karl Moldskred, og det er sonen deira, Kjell Harald Moldskred, som har fotografert foreldra sine under ein campingtur ein gong på midten av 1970-talet.