Øystein Liavåg gir seg etter over 32 år – Geir Idar Knotten tek over:

– Ei ære å ta over Sunkost etter Øystein

Gav vidare stafettpinnen Øystein Liavåg (t.v.) har drive helsekostbutikk i Ulsteinvik sidan oppstarten i 1986, men no var det på tide med noko anna. Geir Idar Knotten har tatt over butikken, og skal drive denne i tillegg til butikken han allereie driv på Blåhuset, Creativo.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

For nokre veker sidan var tida komen for Øystein Liavåg å gje stafettpinnen vidare. Han hadde til då drive det som i dag er Sunkost på Blåhuset i over 32 år. Inn kom ein av dei andre butikkdrivarane på Blåhuset, Geir Idar Knotten.