Jollegruppa til Ulstein Seilforening:

Døypte sin nye trenarbåt «Frosken»

Banksjef Ellen Kvalsund var gudmor, og stod for sjølve dåpen avjollegruppa sin nye trenarbåt, «Frosken».  Foto: Ulstein Seilforening.

Stor stas med nydøypt trenarbåt!  Foto: Ulstein Seilforening.

Banksjefen fekk seg naturlegvis ein prøvetur i den nye trenarbåten.  Foto: Ulstein Seilforening.

Nyhende

Denne sesongen har jollegruppa til Ulstein Seilforening fått seg ein profesjonell trenar for å auke kunnskapen til jolleseglarane. Det skriv Ulstein Seilforening i ei pressemelding.

- For å kunne trene mest optimalt har Sparebanken Møre sponsa oss med ein ny trenarbåt. Frå trenarbåten kan trenaren konsentrere seg fullt på treninga medan den store RIB-en til jollegruppa kan konsentrere seg kring tryggleiken til dei som trenar, skriv seilforeininga.

Men - ein ny båt treng sjølvsagt namn, og då er det dåp som er tingen.

- Namnet blei valt gjennom ei namnekonkurrans - der forslaget frå Aragon Garshol fekk flest stemmer. Båten er knall grøn og han meinte «Frosken» passa best. «Frosken» blei døypt av gudmor og banksjef Ellen Kvalsund frå Sparebanken Møre - og ho ønskte båten «hell og lukke på Lyngnesvika» - og alle andre plassar båten måtte segle.

Jolleregatta under Smak av Ulstein

Etter dåpen viste seglarane sine kunnskapar i indre hamn under Smak av Ulstein. Det blei segla regatta på ei såkalla pølsebane - som vart laga av bøyene som også er sponsa av Sparebanken Møre.

- Bøyene er i bruk av alle gruppene i Ulstein Seilforening, både jolleseglarane, B/One-seglarane og storbåtane som har regatta på onsdagar.

Jollegruppa held fram med å trene tysdagskveld på Borgstein, der ei lita og trufast gruppe unge seglarar trener i ein- og tomanns-joller. Dei har fleire joller og jollegruppa har plass til fleire born, opplyser Ulstein Seilforening.