Pastoral Oslo-tur med Grimstadkoret og Vox Virorum

Samsong: Stort fellesnummer med Grimstadkoret, Vox Virorum og Høiden i Nordstrand kyrkje.  Foto: Innsendt.

Hareidspresten Dag Håland er prest i den relativt nye Vardåsen kyrkje i Asker. Det er 22 år sidan han slutta som kapellan i Hareid sokn.  Foto: Innsendt.

Minnehøgtid Vesle Håkon Teigene, barnebarn til Ingolf Håkon Teigene, kjem til minnehøgtida ved Vestre Aker kyrkje. Korsongar Harald Grimstad ventar.  Foto: Innsendt.

På Oslo-tur: Grimstadkoret breier seg ut i Nordstrand kyrkje.  Foto: Innsendt.

Nyhende

Tre «pastorale» hendingar stod på programmet då songarar frå Grimstadkoret og Vox Virorum var på Oslo-tur nyleg: Kranslegging ved Ingolf Håkon Teigene si grav ved Vestre Aker kyrkje, konsert i Nordstrand kyrkje og gjesting hos tidlegare Hareid-kapellan Dag Håland i Asker.

- Litt av tanken med turen var å få til gode opptak av framføringane, fortel dirigent Arild Grimstad, som vil få tilsendt opptaka om ikkje lenge - og då vil vurdere å legge ut nokre av dei på Youtube.

Først i operaen

Men den aller første programposten på turen var ei omvising i Opera-bygget i Bjørvika laurdag føremiddag, der koristar og medreisande fekk sjå kor komplekst både sjølve operabygget er og kor ned til detaljane arbeidsoperasjonane er når dei tidsrette kostymane og sceneelementa blir utforma.

Frå operaen gjekk turen til Vestre Aker kyrkje der koret song ved Ingolf Håkon Teigene si grav. Både tidlegare ektefelle Herborg Bryn og dottera Tale m/Ingolf Håkon sitt barnebarn Håkon Teigene var til stades. Arild Grimstad heldt ein liten minnetale for mannen som først og fremst vart kjend som journalist, forfattar og TV-anker, men som hadde ei svært aktiv rolle i det kormiljøet som voks fram i miljøet kring Hareid bedehus i 1960- og 70-åra. Han var medskipar og dirigent for KM-koret, som var ein forløpar for Hareid ungdomskor, som seinare endra namn til Hareid kammerkor. Han var også med i Grimstadkoret.

Leiar i Grimstadkoret, Ottar Grimstad, la ned ein blomebukett på grava.

Hovudsaka

Hovudsak under Oslo-turen var ein konsert i Nordstrand kyrkje, ei kyrkje som har vore utvida dei seinare åra og står fram med svært attraktiv akustikk for korsong. Salen var tilnærma fullsett då Grimstadkoret (dir. Arild Grimstad) opna med den kraftfulle Eidsvig-komposisjonen «Sunnmøre», til tekst av Anders Hovden. Etter at Ottar Grimstad hadde presentert koret for tilhøyrarane, gjekk det slag i slag med avdelingar med Grimstadkoret (forsterka med Vox Virorum-stemmer), Vox Virorum og vertskapskoret «Høiden», eit kor som har vore knytt til Nordstrand kyrkje, men som har lege nede nokre år. Med i koret er bl. a. eks-hareidsdølingane Geir Ståle Kleppe og Torgrim Grimstad. Koret framførte «Frid» og «Høgt frå den himmelske klåra», begge Johan H. Grimstad-komposisjonar, og gjorde sakene sine godt. Dirigent Jon Arne Kjærstad har tidlegare sunge i SKRUK.

Grimstadkoret og Vox Virorum stortreivst i den smektande akustikken. Grimstadkoret sitt kjernerepertoar stod sjølvsagt sentralt: «Den kvite symra», «Jesu Salvator Noster», «Renn, tåror, renn», «Requiem», «Mitt hjerte alltid vanker», «Pasjonshymne», «Herre, du Davids son» og «Agnus Dei» (solist: Bård Grimstad) kom som perler på snor – og i tillegg framførte koret ein av sine nyinnøvde ting; «No luter blom», til tekst av Ragnvald Våge, tonesett av Harald Grimstad og arrangert av Arnljot Grimstad.

Vox Virorum opna med den smellvakre Monrad-Johansen-komposisjonen over Ivar Aasens «Gamle Norig», og følgte opp med den rikt fasetterte «A quiet place», «Repeti sunt omnes», «Ave Maria», Selig sind die Toten» og den spreke «Last up your treasures in heaven».

Konserten vart avslutta med at eit stort felleskor under Kjærstad si leiing framførte «Lova Herren mi sjel» - og deretter sette Lidvar Grimstad seg til orgelet og gav tonane til den mektige Blix-salmen «Himmelske Fader», i det Geitvik-arrangementet som vart så kjent og kjært gjennom tallause Ønskekonsert-innslag og med Randulf Saunes som solist. Denne gongen tok Arild Grimstad solist-oppgåva på sparket – og jubelen etterpå stod i stil med den massive toneflaumen.

Til Asker

Nordstrand-gjestinga vart avslutta med ei samkome i menighetssalen – med om lag 80 personar tilstades.

Søndag var heimreisedag for dei fleste, men før så langt gjekk turen til Vardåsen kyrkje i Asker, der tidlegare Hareid-kapellan Dag Håland og kona Jorunn Bottolfs var vertskap under gudstenesta. Koret song både under sjølve gudstenesta og heldt ein minikonsert etterpå. For mange vart det eit hjarteleg gjensyn. Sjølv om det no er 22 år sidan Håland var «Hareidprest», kunne både han og kona slå fast at andleta til korsongarane var godt gjenkjennelege. Jorunn Bottolfs nemnde spesielt at Arild Grimstad hadde vore forlovar då ho og Dag gifta seg i Hareid-tida - og at Leidulv Grimstad hadde vore fadder til den yngste sonen deira.