Sal av kommunale bygg

Selje rådhuset?

Bør Ulstein kommune selje rådhuset og finne seg ein ny stad for rådhusfunksjonane?

Bør Ulstein selje rådhuskvartalet?  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Spørsmålet kjem opp i eit notat til Ulstein kommunestyre. Under arbeidet med økonomiplan i fjor vart det vedteke eit punkt som sa at kommunen vil vurdere sal av eigedomar for å nedbetale lån, og styrke kommunen sitt kapitalfond. Rune Urke, dagleg leiar i UEKF har utarbeidd eit notat til politikarane der han går gjennom dei kommunale bygga, kva dei blir brukt til, og om det kan vere aktuelt å selje dei.