Blir slutt på hemmeleg røysting

Det er ikkje ofte Ulstein kommunestyre gjennomfører skriftlege val. No skal det bli heilt slutt på det (arkivfoto).  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Det er ikkje ofte Ulstein kommunestyre gjennomfører skriftlege eller hemmelege val, men det hender. Og det kan det altså bli heilt slutt på no.

Ei arbeidsgruppe har sett på og gjort framlegg til endringar av det politiske reglementet til Ulstein kommune. Gruppa vil sørgje for at praksisen i det politiske arbeidet i kommunen er i tråd med den nye kommunelova og føresegna til lova.

Mellom anna skal det i protokollen stå korleis dei ulike partia røyster. Det har det ikkje gjort til no. Det blir heller ikkje lenger mogleg med skriftleg/hemmeleg val, for då får ein ikkje skrive i protollen kven som røysta kva.

Dei vil også ha færre medlemer i levekårutvalet. Her vil dei ha sju representantar i staden for ni. Då blir levekårsutvalet og teknisk utval like store.     


Ulstein kommunestyre skal røyste over det nye politiske reglementet torsdagskvelden denne veka.