Stad skipstunnel ferdig i 2025?

Kan byggjast innanfor NTP-rammene

Stad skipstunnel sett frå Kjøde.  Foto: Illustrasjon/Kystverket/Snøhetta.

Nyhende

(NPK): Kystverket viser i ein ny rapport at Stad skipstunnel likevel kan byggjast innanfor rammene som blei sett av i Nasjonal transportplan (NTP) i 2018–2029.

– Eg håper denne rapporten skal gi oss tilstrekkeleg avgjerdsgrunnlag til å halde oppe framdrifta i prosjektet, seier samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp).

Det var Samferdselsdepartementet som etter at prosjektet hadde vore gjennom kvalitetssikring fase to (KS2), bad Kystverket gjere ein ny gjennomgang av konstnadene knytt til Stad skipstunnel. Målet var å få kostnadane ned til 2,7 milliardar 2016-kroner, skriv Kystverket i ei pressemelding.

– Viktig prosjekt

Samferdselsministeren konstaterer at Kystverket har levert det han bad dei om.

– Stad skipstunnel er eit viktig prosjekt som er prioritert i nasjonal transportplan. KS2 viste vesentleg høgare kostnad enn det som låg til grunn i NTP. Eg sette difor i gang eit arbeid for å få redusert kostnadane i prosjektet. Dette har no Kystverket levert. Departementet vil umiddelbart gå inn i denne rapporten, og deretter kome tilbake til vidare framdrift, skriv Dale i ein kommentar til Nynorsk pressekontor.

Rapporten er gjort etter ein metode kalla verdianalyse.

– Me er godt nøgde med prosessen og svarar på det som departementet har bede oss om. I hovudsak har me sett på dei delane av prosjektet som representerer dei store kostnadene og har vurdert alternativ til desse, seier prosjektleiar Terje Andreassen i Kystverket i ei pressemelding.

Nye løysingar

Han fortel at dei har funne nye løysingar som gjev lågare kostnader. I tillegg har dei klart å minske usikkerheita på fleire område, noko som viser at prosjektet kan gjennomførast i tråd med NTP-rammene.

Dei nye løysingane vil ikkje påverke dimensjon, kapasitet, tryggleik eller funksjonalitet, seier Kystverket.

Den nye ramma for kostnadene etter reduksjonane er på 2.677 millionar kroner. Den prisjusterte NTP-ramma er i dag på 2.953 millionar kroner.

– Stad skipstunnel er eit spennande prosjekt som kan gi gode synergiar, seier statsråden.