Nærmar seg fristen for å melde frå om jonsokbål

Dersom ein har planar om å fyre opp jonsokbål må ein gje beskjed om dette til Hareid og Ulstein brannvesen.   Foto: Linda Eikrem.

Nyhende

Hareid og Ulstein brannvesen skal ha skriftleg melding om planlagt bålbrenning jonsokaftan.

No nærmar det seg også fristen for å gje beskjed om jonsokbål, som er 20. juni.

Ifølgje Hareid og Ulstein brannvesen skal jonsokbål meldast til postmottak@ulstein.kommune.no. Meldingane må innehalde informasjon om kvar bålet skal brennast, om det er gjeve løyve frå grunneigar, samt informasjon om den som er bålansvarleg.

” Det er ikkje naudsynt å melde inn små bål som skal verte bruk til grilling og koking av kaffi. Einaste er at grunneigar må ha gjeve løyve til å brenne bål på privat grunn.”, skriv brannvesenet.

Dei vil som tidlegare år gjennomføre synfaringar av jonsokbål i distriktet. Gjennom stikkprøver vil ein mellom anna sjekke at det ikkje er forureina materiale i jonsokbåla, for dersom slikt blir funne vil brannvesenet forby å tenne opp desse båla.

Hareid og Ulstein brannvesen har desse tipsa til dei som skal tenne jonsokbål:

  1. Bygg opp eit stabilt Jonsokbål, slik at det ikkje kan velte. Kast heller på meir materiale medan det brenn enn å lage det for stort og ustabilt
  2. Dei som handterer jonsokbålet skal vere edrue. Bålansvarleg må vurdere om bålet kan tennast på med omsyn til vind, forureina materialar, m.m.
  3. Lag ei sikringssone. I ei sone rundt jonsokbålet bør det dynkast med vatn, slik at faren for at bålet spreier seg og kjem ut av kontroll vert redusert. Storleiken på sikringssona står i høve til storleiken på bålet (ikkje over 10 m³), vêr og vind og topografi.
  4. Ha egna og nok sløkkjemiddel i nærleiken. Sløkjemiddel kan vere hageslange, bøtter med vatn, handsløkkjarar, eller ein kombinasjon av desse
  5. Tenk førstehjelp. For behandling av brannskade på hud er det viktig med kjøling. Kaldt vatn og aloveaplante/-produkt er gode hjelpemiddel for lindring av svie. Avhengig av kor stort og djupt brannsåret vert må personar på staden vurdere om lege/ambulanse bør verte kontakta.