Nordvest Maraton vil surfe vidare på joggebølga

Det er rett i overkant av to månadar att til Nordvest Maraton på Hareid. Arrangørane håpar på ytterlegare auking i deltakinga.

Falk, falk og falk: I fjor deltok både Therese Falk og Silje Falk Skodjevåg Nordvest Maraton. Therese gjekk til topps på maratondistansen med 3:13:17. Foto: Ingvild Myklebust Hovden.  Foto: Ingvild Myklebust Hovden

Vann halvmaraton: Olger Pedersen var raskast på den halve distansen i Nordvest Maraton i 2018. Foto: Hareid IL 

Nyhende

I ei pressemelding frå Hareid IL og Nordvest Maraton går det fram at ein håpar løpet, både på heil og halv distanse, skal sjå auka deltaking etter eit godt 2018.

«I 2017 vart Nordvest maraton råka av svak deltaking på heil distanse. I fjor tok det seg opp igjen på heil, medan det også var framgang på halv. Det skuldast truleg at det ikkje kolliderte med andre liknande arrangement. Men også at det definitivt er ei ny joggebølgje på gang lokalt. Ikkje minst var det gledeleg at mange kvinner var med i fjor», skriv arrangørane i pressemeldinga.

Det var ultraløparen Therese Falk som var raskast på heil distanse, medan Olger Pedersen vann halvmaraton. Ifølgje arrangørane håpar Pedersen på å kunne delta også i år og det kan også hende at Louise Skak, som har løyperekorden for kvinner, dukkar opp.

«Det er sjølvsagt gledeleg når profilerte løparar dukkar opp, men det viktigaste med Nordvest maraton er sjølvsagt ikkje kva plassering ein får, men å delta. Alle får ein flott deltakarmedalje. Det blir dessutan trekt ut flotte lokale gåvepremiar på startnummer, i tillegg til vanleg premiering til den beste tredelen i kvar årsklasse», skriv arrangørane i pressemeldinga.

Nordvest maraton har sidan starten i 1991 vore leia av mange lokale eldsjeler. Fleire av dei er med framleis. Det noverande styret består av Vidar Vollsæter, Jon Kåre Mork, Bjarte Sunde, Henning Røyset, Kim Lillebø og Kristian Angelsen. I tillegg bidreg ei rekkje andre personar på ulike måtar før og under arrangementet. Rutinerte Leiv Arne Grimstad stiller som speaker under løpet.

Arrangørane har meir informasjon om løpet på Nordvest maraton si heimeside eller på løpet si facebookside.