Go With the Flø

Kunst, graut og musikk

Nyhende

Sundag 23. juni er det igjen klart for Go With the Flø. Kunstivalen er 10 år i år, noko som blir markert med kunst, musikk og rjomegraut.

Årets kunstnar er Brian Eno. Gallerist Hugo Opdal seier Brian Eno er ein «tenåringshelt» og håpar han får lokka kunstnaren til opninga på galleriet på Sunnmøre.

– Eg kjøpte Brian Eno-plater som tenåring, også har han produsert nokre av mine favorittband i oppveksten, både U2, David Bowie og Talking Heads – og ikkje minst dei litt yngre Coldplay. Eg har alltid vore interessert i musikk og høyrer framleis på musikk opptil seks-sju timar om dagen. Det er mykje spennande som skjer i brytningspunktet mellom musikk og bildekunst, seier Opdal.

På galleriet vil publikum sine sansar bli servert grafisk kunst – og musikk som får nytt liv via ein «lysboks» med led-teknologi. Der vil også vere bilete i form av etsingar og 3D-bilete.

Eno er engasjert i klimaspørsmål og reiser minst mogleg med fly. Han er for tida høgaktuell og får måndag tildelt Stephen Hawkins-medaljen.

Legendariske Brian Eno har sett djupe spor etter seg som musikar, komponist, plateprodusent og vokalist i fleire tiår – men er også kunstudanna og bildekunstnar. Han slo gjennom musikalsk med Roxy Music og reknast som grunnleggjaren av musikkstilen ambient. Som kunstnar har han laga videoar, bøker og installasjonar.

Nymark speler på plantar

Musikar Lena Nymark speler under opninga. Ho gjer om energi frå levande plante som det settast elektronisk lyd til. Samstundes improviserer ho med ulike blåseinstrument, stemma og lyder frå naturen.

Årets kunstival er lagt til jonsok, og bygdefolket på Flø serverer rjomegraut på forsamlingshuset Vonheim. Om kvelden vert det tradisjonell jonsokfeiring i bygda, med bål i fjøra.

10 år

Go With the Flø har vore arrangert i sidan 2010, og er eit samarbeid mellom gallerist Hugo Opdal og bygdefolket. Såleis er dette tiande gongen.

Elmgreen&Dragset, Bjarne Melgaard og Damien Hirst er mellom dei som har stilt ut i løpet av desse åra. Artistar som Moody, Robyn Hitchcock og Apparatjik har stått på scena. Eit anna høgdepunkt frå historia er Magne Furuholmen sin «Flø-fanfare» frå verdas største mobilhorn.