– Eg var pop-stjerne i eit døgn

Hugo Opdal kjøpte kamera for konfirmasjonspengane, spelte mykje fotball, men det var musikar han drøymde om å bli.
Nyhende

Det har skjedd mykje på Flø sidan Hugo Opdal i 2006 tok over det gamle skulebygget. Hit har det kome verdskjende kunstnarar som Damien Hirst, Sverre Bjertnes, Bjarne Melgaard, Morten Viskum og Magne Furuholmen for å ha utstilling. Det har møtt opp hordar med folk for å sjå og oppleve Pushwagner, både kunstnaren sjølv og kunsten hans.