Eiksund er også Ulstein

«Steinvolleyballbana» Nivået av sand er så lågt at duken under bana er synleg fleire stader – og dermed er den ikkje trygg å spele på.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

For litt sidan var eg på eit foredrag med den verdskjende svenske forskaren Kjell Nordström. Han kunne fortelje at om 25 år så vil størsteparten av verdas befolkning bo i eller rundt 600 storbyar, medan resten vil vere ei øydemark.

Spådommen hans er på ingen måte teke heilt ut av lufta. Overalt i verda er tendensen at folk flytter frå bygda til storbyane - også i Norge. Damene reiser først, og mennene blir enten med eller sit att åleine. Få kjem tilbake.

Likevel må vi hugse at dette er ei prognose, og sjølv om den viser ei retning så er den ikkje hogd i stein.

Eg har framleis tru på at denne utviklinga er råd å snu, men det skjer ikkje av seg sjølv, og kommunane har eit viktig ansvar om vi skal lukkast.

Eit viktig suksesskriterium meiner eg vil vere at «landsbygda» framhevar det positive med å bo utanfor storbyen, i staden for å prøve å bli ein storby sjølv. Og her vågar eg å påstå at Ulstein kommune sviktar.

Eg er sjølv ein heimvendt storby-buar, og sånn sett ein av dei som er med på å snu trenden til Nordström. Og ein viktig grunn til at eg har blitt verande er at eg på Eiksund har funne den perfekte kombinasjonen av å bu på bygda samstundes som ein bur sentralt. Arbeidsmarknaden innanfor 15-20 minutts køyring herifrå er den største på Søre Sunnmøre.

I tillegg er flyplassen berre eit kvarter unna, og når Stadt-tunellen kjem så ligg alt til rette for daglege hurtigbåtavgangar både til Ålesund og Bergen.

Når vi veit at det kvar dag passerer 3 000 bilar forbi Eiksund, så vil eit forsiktig anslag tilseie at det er minst 1 000 som kan flytte hit og lette arbeidsreisa nærast kvar ein er på veg. Samstundes som ein har ein fantastisk natur klar til bruk rett utanfor døra.

Snur ein på det, så vil næringsdrivande som etablerer seg på Eiksund ha tilgang til store delar av arbeidskrafta på Søre Sunnmøre – eller Eiksund-regionen - innanfor akseptabel pendletid.

Men ser Ulstein kommune dette potensialet? For oss som bur her verkar det i alle fall som at alt som skjer utanfor sentrums-rundkøyringane er å rekne som plunder og heft. I dag kan de lese om strandvolleyballbana på Eiksund, som snart berre består av skotmasse frå Eiksundtunellen med ein fiberduk over. Området rundt, som eigentleg har eit fantastisk potensiale til å bli eit parkanlegg som vi kunne vere stolte av og som kunne vise alle som kom ut tunellen at Ulstein er staden å bu, ligg som ei bukkemark der tistlane og høymolene konkurrerer om å vekse høgst. Midlar til utbetring finst sjølvsagt ikkje, men eg har ei kjensle av at rådløysa ikkje hadde vore like stor om det var noko i sentrum som sto på skade.

Som leiar i bygdelaget i Eiksund har eg gong på gong blitt overraska over alle motbakkane vi møter når vi prøver å få utretta noko. Ballbingen har omsider kome på plass, to år forsinka og til tenners gnissel fordi den vart sett opp på skuletomta, som helst skulle vore selt slik kommunen fekk nytte midlane til vidare utsmykking i sentrum. Å få frigjort ein annan del av skuletomta til leikeplass har vist seg umogleg, igjen fordi det er meir lønt å selje tomta til bustadformål enn å gi innbyggarane eit sårt trengt friareal. Så medan ungane får skjeggvekst må vi sitte og vente på at den nye reguleringsplanen kjem til behandling, slik vi kan få kome med protestane våre og håpe på at politikarane ser det administrasjonen ikkje ser. Ein heilt unødvendig energibruk og tidsbruk som vi kunne nytta til å gjere bygda til ein endå betre plass å bu, til det beste for både oss sjølve og kommunen. Forstå det den som kan!

Nedlegging av skulen på Haddal er eit anna døme. I staden for å jobbe saman med oss for å gjere Eiksund og Haddal til ein føretrekt stad for småbarnsfamiliar å busette seg, og slik sikre framtida til skulen, så kan vi ikkje våge å snu oss utan at det kjem forslag om nedlegging. Å pålegge oss som bur her ein køyretur til Vik kvar ettermiddag for å hente på SFO, og dermed fjerne fordelen med å bu i smørauget av arbeidsmarknaden, ser ikkje ut til å ha noko vekt. Ei heller tek ein innover seg at skulen er ein viktig grunnstein for både fritidsaktivitetar og barnehage, og til sjuande og sist sjølve busetnaden. Usikkerheita er nok til at folk kvir seg for å busette seg her, medan vi som alt bor her ikkje kan fri oss frå tanken på at Nordström kanskje får rett likevel.

Vidare kan vi denne veka lese at kommunen vil bruke nær tre millionar på å gi førarlause reiseopplevingar i sentrum i tre månadar(!), samstundes som vi veit det er problem med å finne midlar til å finansiere Fram Flexx («Trygt heim for ein 50-lapp»), som sørgjer for at krinsungdommen kan sleppe å autonomt følgje kvitestripa heim til Flø, Dimna, Garnes, Haddal og Eiksund på kveldstid.

Likevel vert det feil å gi administrasjonen all skuld for manglande satsing på krinsane. Det er dei folkevalde representantane som legg føringane, og som overvaker administrasjonen. Så mi bøn til dykk er at de sørgjer for å fjerne motbakkane vi opplever, og legg til rette for oss som har valt å bu utanfor sentrum. Lat oss få bruke tida på å utvikle vår del av Ulstein kommune til alle sin fordel.

I eit valår er heller ikkje innbyggjarane utan ansvar. Vi må sørgje for å gi tillit til dei som gir oss dei mest framtidsretta løysingane. Eg gler meg til å lese partiprogramma, og ynskjer alle eit godt val når den tid kjem!


Knut Øyvind Myklebust

Leiar i Eiksund Bygdelag



Treng meir sand på sandvolleyballbanen i Eiksund – kommuneadministrasjonen seier nei:

– Vi er også ein del av Ulstein kommune



Ulstein-ordførar Knut Erik Engh om sandvolleyballbanen:

– Dette må vi få til