D-dagen:

Frå ein uhistorisk standplass

kommentar

Rydda grunnen for D-dagen: Sovjetiske soldatar i Stalingrad vinteren 1942/43. Foto: Wikimedia Commons/Georgi Zelma 

Nyhende

Her om dagen vart merksemda mi leia inn på fenomenet «historisk revisjonisme». Ein god ven av meg brukte sosiale media til å kritisere NRK og deira fokus på D-dagen i Normandie som viktigaste faktor for at dei allierte vann andre verdskrig. Rett nok var denne operasjonen både stor og viktig, og han har inspirert meir eller mindre fantastisk gode filmar – eksempelvis Saving Private Ryan – men film er framleis film, og historie skal helst vere historie. Men røynda er i røynda meir komplisert enn som so. Kritikken av NRK og deira fokus gjaldt det faktum at andre verdskrig vart vunne på fleire frontar enn denne, i hovudsak var det Sovjetunionen og deira iherdige og langdryge motstand på austfronten som svekka den tyske krigsmaskina nok til å gjere D-dagen mogleg. Russarane sin innsats er i heile etterkrigstida blitt nedtona og oversett i vestlege framstillingar av historia – om dei nemnast er det som regel i samband med alle valdtektene dei gjorde seg skuldig i. Amerikanarane, derimot, dei var galante nok til å legge igjen gåver og sjokolade om dei i utrengsmål skulle råke til å gjere liknande handlingar.