Røystinga er i gang

Frå 1. juli vart det opna for tidlegrøysting på rådhusa.

val: Dei ordinære røystesetlane frå fylket er ikkje på plass, så då må ein røyste på parti og kan ikkje gje personrøyster. Men dei kommunale røystesetlane er på plass.   Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

I år er det kommunestyre- og fylkestingsval 9. september.

Om du er bortreist den dagen kan du alt no tidlegrøyste. Ordninga er meint for dei som ikkje kan røyste innanfor ordinær førehandsrøysteperiode eller på valdagen, men det er ikkje krav om å dokumentere dette.

Du ta turen til rådhuset. Både Ulstein rådhus og Hareid rådhus har fått eit avlukke og røystesetlane på plass. Ta med legitimasjon med namn, fødselsdato og bilete, så kan du tidlegrøyste på rådhuset frå i går og fram til 9. august. Røystinga går føre seg på dagtid, på kvardagar.

Før valet vil det bli høve til å røyste på fleire ulike stader i Ulstein og Hareid.

Frå 10. august kan du førehandsrøyste over heile landet.