Hurtigbåten er innstilt

Har du tenkt deg over til Ålesund med hurtigbåten må du vente nokre timar.  Foto: Leiv Arne Grimstad

Bommen er nede. Hurtigbåten har innstilt fleire avgangar grunna tekniske feil.   Foto: Linda Eikrem

Nyhende

Hurtigbåten som skulle gå frå Hareid mot Ålesund klokka 14.25 er innstilt på grunn av tekniske feil.

Det kjem fram i appen MR Ferjerute.

Frammr.no skriv på nettet at sambandet Hareid-Valderøya-Ålesund er innstilt på grunn av tekniske feil. Dei kansellerer avgang frå Hareid kl 13.25, frå Ålesund kl 13.50, frå Valderøy kl 14.00, frå Hareid kl 14.25 og frå Valderøy kl 14.45 i dag 2. juli. Kanselleringane blir forklart med teknisk svikt. Og Boreal beklagar ulempen dette medfører for passasjerane.

Vikebladet Vestposten har fått opplyst at båten skal gå igjen frå avgangen klokka 16.00.