"Røyk" var kondens

  Foto: Tipsar

Nyhende

Eiksundtunnelen var stengd ein kort periode natt til tysdag.

Ifølgje operasjonssentralen i politiet vart tunnelen stengd rundt midnatt, etter at ein bilist melde frå om røykutvikling i den knapt åtte kilometer lange tunnelen.

Både politi og brannvesen rykte ut og konkluderte med at det ikkje var snakk om røyk, men kondens, eller vassdamp.

Tunnelen var stengd ein knapp halvtime.