Storbåtane til Stiftinga Sunnmøre Museum:

Kjem til Trebaatfestivalen

Både Storeggen av Aalesund, Borgundknarren og MK Heland blir å sjå under Trebaatfestivalen i Ulsteinvik 15.–18. august.

«Storeggen»: «Storeggen av Aalesund er ein kopi av ei typisk sunnmørsk fiskeskøyte frå 1890-talet. For inntil tre år sidan var det ingen igjen av desse båtane. Her er «Storeggen av Aalesund» under segl.  Foto: SSM/Vasco Pinhol.

Nyhende

Musea på Sunnmøre har ei stor samling av trebåtar som har vore viktige for sunnmøringane opp gjennom tidene, og under Trebaatfestivalen inviterer museet til spennande formidling om bord i «Storeggen av Aalesund», «Borgundknarren» og M/K «Heland». Det blir lagt opp til formidling for både store og små.