Allmøte på Kleven

– Eg ser lyst på framtida

Kjenner ansvar: Både Olav Nakken og Ola Beinnes Fosse sa at dei føler på eit stort ansvar for å føre Kleven vidare. Det blir arbeidd med å finne meir arbeid til verftet. Dei prøver få ta i arbeid innan ombyggingar og stålkonstruksjon, alt innan skip. Dei er veldig stolte over MS Roald Amundsen, og no som dei har bygt den båten trur dei arbeidet med MS Fridtjof Nansen vil gå veldig bra. – Den berre følgjer i kjølvatnet av den første, seier Nakken.   Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Administrerande direktør Olav Nakken varsla permitteringar og oppseiingar på allmøte i Kleven Verft torsdag, men seier til Vikebladet Vestposten at han er optimistisk for framtida til verftet.