Vi kasta mindre søppel i fjor

Oslo 20171002. Daglig passerer mengder med søppel og plast på Haraldrud gjenbruksstasjon på Brobekk i Oslo. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK   Foto: Terje Pedersen

Nyhende

I fjor kasta norske hushald i gjennomsnitt 411 kilo avfall per innbyggjar. Det er ein nedgang på 3,5 prosent frå året før.

Toppnivået vart registrert i 2014 med 441 kilo per innbyggjar, men etter det er trenden at det har blitt kasta mindre, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Den samla mengda hushaldsavfall låg på om lag 2.190.000 tonn i 2018. Dette er ein nedgang på 3 prosent frå 2017.

Medan veksten i avfallsmengda i hushaldet har stoppa opp, og dels gått noko ned dei siste åra, har auken i forbruk halde fram. Dei to storleikane kryssa kvarandre i 2017. Året etter vart det tydeleg av hushaldsavfallet tar ei meir fallande utvikling samanlikna med forbruket som veks upåverka vidare.

Statistikken viser òg at avfall frå hushalda som vart leverte til materialgjenvinning i 2018, har auka samanlikna med året før. Det vart i alt leverte 890.000 tonn avfall til materialgjenvinning i fjor og 880.000 tonn året før. Tala utgjer høvesvis 41 prosent og 39 av det samla hushaldsavfallet for desse to åra.

Blanda restavfall utgjer 42 prosent av hushaldsavfallet i 2018, den klart største avfallstypen. Andre store mengder er utsortert treavfall (13 prosent), papp (11 prosent), matavfall (9 prosent) og hageavfall (7 prosent).