– Så open som råd

Open: Kristian Fuglseth meiner det er viktig at Hareid har ein god dialog med innbyggjarane. 

Nyhende

– Me er særs nøgde med kontakta som informasjonskonsulent/formannskapssekretær har med innbyggjarane gjennom mellom anna Facebook. Erlend Friestad gjer ein god jobb og denne opne haldninga smittar over på både politikarane og administrasjonen. Det er viktig at kommunen er så open som råd. Då kan ein avklare forventningane frå innbyggjarane og det vert lettare for alle partar, kommenterer varaordførar Kristian Fuglseth. Han seier at Hareid kan bli betre på å annonsere alle møte politikarar og tilsette har med innbyggjarane. Om kommunen formaliserer desse møta vil det gje fleire poeng på kommunekompasset.