Det måtte liksom sterkare lut til

Ventande på sommar og isbilen.  

Det måtte sterkare lut til. Så eg kjøpte eit bastskjørt til kjøkenbordet.

Nyhende

Eg har sunge høgt at eg trur, eg trur på sommaren, eg trur og trur på sol igjen. Eg har tenkt positivt, at dette går over. Eg har kjøpt norske jordbær som eg har ete med sukker og fløyte. Det smakte himmelsk! På kontoret tenner eg lys og et smågodt. Innimellom høyrer eg på Reiseradioen, men det hjelp liksom ikkje. Ikkje nok.