Folk frå heile kloden samlast på Indiefjord-festival

Tonar i notanaustet: Frå Indiefjord-festivalen i 2017. Foto: Emilie Viddal Rød 

Nyhende

13. og 14. juli vert den vesle fjordbygda Bjørke sett aldeles på hovudet.

Indiefjord-festivalen på Bjørke er rett rundt hjørnet, og årets festival har besøkande bokstaveleg talt frå andre sida av kloden.

– I år kjem det band vi aldri hadde hadde tort å drøyme om å få til Bjørke til scenene på ungdomshuset Haukly, i Bakketunet og ved Notanaustet, fortel Silja Haddal Mork i Indiefjord.

Ho seier at sidan starten i 2014 har festivalen ved hjelp av sosiale media og “word of mouth” vakse frå å vere ein liten venners-vennersfest til ein festival internasjonale indiepop-band opprettar europaturne for å besøke. OI år kjem det artistar både frå New Zealand og Australia, Storbritannia, Gjerdsvika og Cuba.

– I år kom vi ut av tellinga på søknader då dei nærma seg 250, og måtte seie nei til favorittband som vi håper å få booka “neste år” fordi ein måtte gi seg når talet på band, dansarar og DJar ein hadde booka kom opp i 22.

Silja Haddal Mork seier at fleire av artistane som speler på årets festival høyrer til legendene innan sjangeren indiepop.

I tillegg til musikken byr festivalen også på mange andre overraskingar i form av både mat og kunst.

– Elles i bygda er det mat- og handverksbuder, antikvitetssal, retrobutikk og eit eige postmuseum med café og dei finaste kreasjonar. Det vert også to danseoppvisning med «Flakkande røynd» i Jensaløda på Leira både laurdagen og søndagen. Heile bygda vert ei scene, og deltakarar og band vert innbyggjarar for ei helg. Det er dette som gjer at gjestar og band droppar storbyferien og reiser lengre enn langt for å spele ved eit naust eller på eit forsamlingshus på Bjørke. Og draumen om å kunne ta seg eit ekte fjordbad, seier SIlja Haddal Mork.