Tursti frå Haddal til Selvågtunnelen

Ber om ny vurdering

Ulstein kommune ber Statens vegvesen vurdere på ny om det verkeleg trengst 200 meter klaring frå tunnelopninga til krysningspunktet.
Nyhende

I 2017 vart det søkt om etablering av tursti frå Haddal, via Rinden til Selvågtunnelen. Men Statens vegvesen konkluderte med at ei eventuell kryssing over fylkesvegen ikkje måtte skje nærare enn 200 meter frå tunnelopninga av Selvågtunnelen. No ber Ulstein kommune om at vegvesenet vurderer dette på ny.