Ulshav-styret ber om eit tydeleg mandat

Styret i Ulshav AS er i stuss om vegen vidare etter Ulstein kommunestyre utsette saka om fusjon mellom Ulshav og Furene.

Uviss: Styret i Ulshav AS meiner det bør kallast inn til ekstraordinær generalforsamling. I forkant av møtet bør ein spørje styremedlemene om dei vil halde fram i styret.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Før sommarferien vedtok Ulstein kommunestyre at dei ber om at fleire alternativ blir utgreia. I denne utgreiinga skal tilsette ved Ulshav og brukarar høyrast.