Regjeringa vil ha null døde i småbåtulykker, men rører ikkje promillegrensa

Kvart år døyr 35 personar i fritidsbåtulykker i Noreg. På fire år skal talet reduserast til 17, ifølgje ein ny plan. Visjonen er at ingen skal miste livet.

Kvart år døyr 35 personar i fritidsbåtulykker i Noreg. På fire år skal talet reduserast til 17, ifølgje ein ny plan. Visjonen er at ingen skal miste livet. Illustrasjonsfoto 

Nyhende

– Regjeringa har ein nullvisjon for båtferdsel, akkurat som vi har for vegane. Målet vårt er at det ikkje skal skje ulykker til sjøs der nokon omkjem eller blir hardt skadd med fritidsbåt, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Tysdag fekk han overlevert Nasjonal handlingsplan mot fritidsbåtulykker.

Manglar flytevest

Sjøfartsdirektoratet har leidd arbeidet med ein felles plan som skal få ned talet på alvorlege ulykker med fritidsbåtar. Planen gjeld til 2023 og til saman 14 etatar og organisasjonar er med, blant andre politiet, Hovudredningssentralen og fleire forbund.

Av dei som mistar livet ved bruk av småbåt, døyr flest fordi dei manglar flytevest. I snitt druknar 19 menneske årleg på grunn av manglande tryggingsutstyr. Den nest største årsaka til dødsfall knytt til småbåtar, er rus. Årleg mistar i snitt ni menneske livet, viser ei kartlegging og analyse gjort av Havarikommisjonen. I 2018 var minst sju menneske som døydde i ulykker med små fritidsbåtar, ruspåverka.

Usemje om promille

I dag har Noreg ei promillegrense på 0,8 for fritidsbåtar under 15 meter. Dette gjeld uansett kor stor motor du har. For båtar over denne lengda er grensa 0,2, det same som for bilkøyring.

Promillegrensene har vorte diskutert i arbeidet med handlingsplanen. Arbeidsgruppa vart ikkje samde internt, og promillegrensa er derfor ikkje ein del av planen.

Fleire organisasjonar har både tidlegare og undervegs i arbeidet peika på promillegrensa og bedt om at denne blir revurdert. Havarikommisjonen har òg tidlegare bedt regjeringa vurdere promillegrensa etter ei småbåtulykke i Kragerø i 2013 der to menneske omkom.

Men dette er førebels ikkje på planen til næringsministeren.

– Det er viktig at fyll og båtliv ikkje høyrer saman. Det er ei promillegrense til sjøs, men å setje den ytterlegare ned, der er vurderinga at det ikkje vil ha nokon sterk effekt. Det er andre tiltak som er mykje viktigare. Vi har ingen planar om å setje ned promillegrensa, seier Røe Isaksen.

Som bilkøyring

Organisasjonen MA – Rusfri trafikk engasjerte seg under arbeidet med handlingsplanen for å få promillegrensa ned. Dei viser til at elles i Europa er promillegrensa for småbåtar frå 0 til 0,8, og at Noreg dermed er blant landa med høgast promillegrense. I Sverige er grensa 0,2 promille for småbåtar av ein viss storleik og som går raskare enn 15 knop.

– Det handlar òg om at det skal vere greitt å seie frå til nokon at dei ikkje kan køyre båt, eller ein kan seie at ein ikkje ønsker å sitje på med nokon som har drukke. Det kan ein gjere i dag med ei promillegrense på 0,2 for bilkøyring, seier generalsekretær Elisabeth Fjellvang Kristoffersen.

67 tiltak

Handlingsplanen tek altså ikkje stilling til promillegrensa, men løfter ni område med 67 konkrete tiltak som skal prioriterast for å nå det første etappemålet om å halvere talet på omkomne på fire år.

– Det er allereie gjort mykje bra haldningsarbeid, og folk har vorte meir bevisste på eiga sikkerheit. At vi no har ein felles handlingsplan gjer samarbeidet om haldningsskapande arbeid endå betre og meir målretta, seier avdelingsdirektør Alf Tore Sørheim i Sjøfartsdirektoratet, som trur på at vi vil få ned talet på omkomne.

Handlingsplanen støttar òg tiltak som er foreslått i stortingsmeldinga Samhandling for betre sjøtryggleik. Blant tiltaka er forslag til å forbetre fakta- og statistikkgrunnlaget for ulykker, revidering av småbåtlova, mogleg innføring av hurtigbåtsertifikat for båtar med fart over 50 knop, mogleg krav om dødmannsknapp og vurdering om det skal stillast strengare krav til leigar og utleigar av fritidsbåtar.


Fakta om handlingsplanen

* Handlingsplan mot fritidsbåtulykker skal få ned talet på alvorleg ulykker og omkomne.

* Første delmål er å halvere talet på omkomne frå gjennomsnittleg 35 i året til 17.

* Visjonen er null omkomne og null alvorlege ulykker, som for biltrafikk.

* Arbeidet med Handlingsplan mot fritidsbåtulykker er leidd av Sjøfartsdirektoratet i samarbeid med Sakkunnig råd for fritidsfartøy.

* Handlingsplanen inneheld ni innsatsområde og forslag til 67 tiltak. Innsatsområda er blant andre tryggingsutstyr og rusmiddel. Moglege tiltak kan vere til dømes revidering av småbåtlova, innføring av sertifikat for båtar med fart over 50 knop, dødmannsknapp og strengare krav til leigar og utleigar av fritidsbåt.

Fakta om promillegrensa

* Promillegrensa er på 0,8 for motorbåtar under 15 meter og seglbåtar mellom 4,5 og 15 meter (Småbåtlova paragraf 33).

* For fritidsbåtar over 15 meter gjeld ei promillgrense på 0,2.

* Promillegrensa for å køyre bil vart senka frå 0,5 til 0,2 i januar 2001 (Vegtrafikklova paragraf 31).