Norske kommunar har fått medhald i ni av ti motsegnssaker

Hittil i år har regjeringa gitt kommunane heilt eller delvis medhald i 90 prosent av motsegnssakene.

Hittil i år har regjeringa gitt kommunane heilt eller delvis medhald i 90 prosent av motsegnssakene. 

Nyhende

Det er kommunane som har ansvaret for kommunal planlegging etter plan- og bygningslova, men rørte partar kan fremme motsegn til forslaga slik at det endelege og rettslege planvedtaket blir overført til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

No viser ei oversikt frå departementet at kommunane sjølve har fått bestemme i ni av ti saker hittil i år.

– Det er kommunepolitikarane som kjenner kor skoen trykker, og eg er opptatt av å lytte til lokaldemokratiet. Tala kunne nesten ikkje vore tydelegare. Faktum er at vi har valt å lytte til kommunepolitikarane i dobbelt så mange saker som den førre regjeringa gjorde, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H) i ei pressemelding.

Talet på motsegnssaker har variert dei siste ti åra. Ifølgje departementets eiga oversikt behandla regjeringa Stoltenberg totalt 281 saker i løpet av den åtte år lange regjeringsperioden sin, medan Solberg-regjeringa har behandla totalt 142 saker dei siste fem åra.

Medan Stoltenberg-regjeringa gav kommunen heilt eller delvis medhald i 42 prosent av sakene, er tilsvarande tal for Solberg-regjeringa 81 prosent.

Mæland meiner at motsegner berre skal fremmast når det er nødvendig for å ta vare på nasjonale og viktige regionale interesser, der tidleg dialog og interesseavveging ikkje har ført fram.

– Derfor har vi gitt alle fylkesmennene i oppgåve å samordne statlege motsegner. Regjeringa har ei tydeleg målsetting om å redusere talet på motsegner til kommunale planar. Statistikken viser at politikken verkar, seier Monica Mæland.