Møre og Romsdal ber kommunane vera med å betala for bokbåten

Skal bokbåten Epos halda fram i Møre og Romsdal, må kommunane som nyttar han, vera med på å betala, meiner fylkeskommunen.

Bokbåten Epos på veg frå Sæbø inn gjennom Hjørundfjorden. Dersom det skal vera ei bokbåtteneste i Møre og Romsdal vidare, ønskjer fylkeskommunen at kommunane med bokbåtstopp er med og betalar. Foto: Karoline Riise Kristiansen/ NPK 

Nyhende

Møre og Romsdal fylkeskommune har i sommar sendt brev til 24 kommunar med bokbåtstopp med spørsmål om dei kan tenkja seg å medverka til økonomisk drift av bokbåten – og eventuelt kor mykje pengar dei kan tenkja seg å bidra med.