Karrar Al-Azzawi ønskjer å lage dokumentar om to av medlemmane – treng meir støtte til ferdigstillinga:

– «Fjøresteinane» har opna auga mine

– Vi skal lage storkonsert! Nils Johan Husøy (t.v.) og Victor Håndlykken står her på scenegolvet i Sjøborg kulturhus og ser opp på dei mange seteradene i det store rommet. – Vi skal lage storkonsert her! sa Victor ifølgje dokumentarfilmskapar Karrar.   Foto: Karrar Al-Azzawi.

Nyhende

Under oppveksten i Irak såg Karrar Al-Azzawi lite til menneske med utviklingshemmingar og lærevanskar ute blant andre folk – og fordommane var mange i det irakiske samfunnet. No har han følgt musikkgruppa «Fjøresteinane» med kameraet sitt i snart to år, og målet er å lage ein dokumentar om to av medlemmane.