Gabriella, Daniella og Isabella vart døypte i Ulstein kyrkje søndag

Søndag vart tre friske og blide trillingar døypte i Ulstein kyrkje, i det som truleg er ein historisk augneblink for kommunen.
Nyhende

Dei tre dåpsborna vart borne inn på rekkje og rad av gudmødrene sine, medan ei songarinne med fløyelsmjuk stemme song den svært passande låten «Gabriellas song». Etterfølgt av foreldra: Sakari i dress, og Kristine i brudekjole.