Den gamle fyllinga renn ut i havet

Kvar veke ferdast hundrevis av turgåarar langs den populære turstien Larsstien på Flø i Ulstein
Nyhende

Når ein går Larsstien, langs den vêrharde kystlinja mellom Gåsneset og Roppesanden, går ein forbi dei gamle deponia på Fløstranda. Ein går mest oppi eitt av dei - for somme stadar er det berre ti meter mellom stien og søpla som no er i ferd med å skli ut ifrå den gamle fyllinga som vart oppretta rundt krigen.