Kongsberg Maritime-lærlingane Torine og Karl-Erik møtte statsministeren:

– Stort å få møte Erna

Stor augneblink: 19-åringane Torine Gundersen og Karl-Erik Markstedt fortalde Vikebladet Vestposten at det var stort å få møte statsminister Erna Solberg og snakke med ho om TAF-ordninga og deira opplevingar som lærlingar. – Ho verka genuint interessert i det som skjer i næringa, og det som skjer i Kongsberg Maritime, sa Torine og Karl-Erik til lokalavisa.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Statsministeren besøkte som kjent Ulsteinvik-avdelinga til Kongsberg Maritime laurdag.


Statsministeren besøkte Ulsteinvik-avdelinga til Kongsberg Maritime. Sjå bildeserie!

- Ingen tvil om at staten var med på å sikre eit godt kjøp

 

Der møtte ho mellom anna to lærlingar og TAF-elevar som har fått mykje igjen for vala sine så langt.

– Det var stor stas å få møte Erna. Ho verka genuint interessert i det som skjer i næringa, og det som skjer i Kongsberg Maritime, sa Torine Gundersen og Karl-Erik Markstedt til Vikebladet Vestposten.

19-åringane valde begge TAF-linja (Tekniske og allmenne fag) på Ulstein vidaregåande skule då dei skulle søkje vidaregåande utdanning.

– TAF-ordninga bør verkeleg bestå. Den har gitt oss moglegheiter vi elles ikkje ville hatt, og den ballasten vi har fått vil gje oss fordelar i det vidare utdanningsløpet. Det å få kombinere det teoretiske med det praktiske er flott, seier dei to.

– Og som 19-åring har eg no jobba i fire år ved sidan av studiar. Det er ikkje alle 19-åringar som kan seie det, seier Torine smilande.

Medan Torine no er ferdig, har Karl-Erik eitt år igjen. Torine fortalde statsministeren at ho enno ikkje heilt visste kva ho ville gjere vidare.

– Eg er litt i tvil, men det er heilt klart spanande det som skjer innanfor det maritime. Først blir det folkehøgskule det komande skuleåret, sa Torine.

Statsministeren bad ho så spøkjefullt om å kome seg tilbake på ingeniørstudiar etter folkehøgskuleåret.

Karl-Erik på si side seier han har lyst til å bli ingeniør – moglegvis innanfor det maritime.

Ni lærlingar

Per dags dato er 393 tilsette ved Ulsteinvik-avdelinga, der 338 er menn og 55 er kvinner.

Karl-Erik og Torine er to av i alt ni lærlingar ved avdelinga. Erna Solberg fortalde også at hennar parti Høgre er særs opptekne av nettopp lærlingordningane kring om i norsk industri – og har ved fleire høve fronta at dei ønskjer å gjennomføre eit yrkesfagløft. Det betyr mellom anna å satse på å få inn fleire læreplassar i norsk industri.