Fråtekne førarkortet for fartsoverskriding

Nyhende

To bilførarar vart fråtekne førarkortet etter å ha køyrt i høvesvis 88 og 90 kilometer i timen i 60-sone. Dette skjedde under ein kontroll som UP heldt på fylkesveg 61 på Garnes onsdag ettermiddag.

I alt vart det skrive ut forenkla forelegg til 10 bilførarar i på grunn av fartsoverskridingar i løpet av kontrollen.