Skal leggje ny vassleidning:

Stengjer Haddalvegen

Haddalvegen blir stengd i perioden den nye vassleidninga frå skulekrysset til Einehaugen skal leggast. 

Nyhende

I høve legging av ny vassleidning frå skulekrysset og inn til Einehaugen, blir Haddalvegen på dette strekket stengd for gjennomkøyring. Stenginga blir iverksett frå og med tysdag 13. august - og avslutta i løpet av oktober. Det skriv Ulstein Entrepenør AS i ei pressemelding.

Først startar ein ved krysset til Ringstaddalen (skulekrysset), og ein avsluttar ved krysset til Einehaugen i oktober.

Vegsperringa blir flytta sørover etter som prosjektet skrid fram. Det vil også bli laga til passasje for mjuke trafikantar.