- Vi synest det er flott at folk engasjerer seg

Hans-Olav Rise sin aviskommentar om vindkraft fekk Øyvind Grimstad Gryt, nestleiar i Vindturbinar i Nordvest, til å skrive dette lesarinnlegget.

Kjensler og fakta: – Motstanden vår mot vindindustri er tufta på fakta, men også på kjensler, skriv Øyvind Grimstad Gryt. Biletet er .frå Mehuken vindpark i Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane  Foto: Illustrasjonsfoto

Nyhende

Øyvind Grimstad Gryt

Nestleiar i nei til Vindturbinar i Nordvest, NVN

Vindkraftilhengjaren Hans-Olav Rise fekk ei dobbeltside i fredagsavisa der han skriv om hykleri i høve motstanden mot den massive vindkraftutbygginga som Noregs Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) har lagt opp til. I kommentaren skriv han at han har registrert at mange plutseleg har blitt opptekne av havørner som vert kappa i to av vindturbinar.

Her kan du lese kommentaren frå Hans-Olav Rise:


Vindkraft:

Hykleri i vinden

 

Han insinuerer så at dette engasjementet er egoisme forkledd som ein motstand mot vindindustri i deira eige område. Vidare tillet han seg å harselere med motstandarane av ei slik utbygging: «Ordet «fakta» er flyktig, kjensler er viktigare og målet verkar til å heilage middelet». Vi i Nei til Vindturbinar Nordvest (NVN) reagerer sterkt på denne ufine måten å generalisere og latterleggjere motstandarar på.

NVN har valt å halde ein restriktiv og sakleg faktabasert profil på Facebook-sida vår, og eg utfordrar Rise til å peike på feil i artiklane og rapportane vi har delt der. No er det slik at denne motstanden femner om mange ulike grupperinger. På nasjonalt nivå har blant andre Turistforeininga (DNT), Jeger og Fiskarforbundet (NJFF) engasjert seg mot vindkraftutbygging. Fleire politiske parti har også kravd ny gjennomgang av dei konsesjonane som er tildelte.

Motstanden vår mot vindindustri er faktabasert, men han er òg basert på kjensler – noko som for meg er ganske sjølvsagt. Desse kjenslene femner vidt og når blant anna om frykt og angst for å få rasert natur- og turområde, sinne og maktesløyse mot sentrale maktinstansar i stat og media, samt oppgittheit over at ei slik utbygging ikkje vil føre til noko positivt i det heile. Kjensler er viktige og alle desse er forståelege med bakgrunn i den arrogansen som myndigheiter, utbyggjarar og delar av media har vist i denne prosessen.

Vi synest det er flott at folk engasjerer seg og får auga opp for kva ei slik utbygging vil føre til av negative konsekvensar, ein treng ikkje å ha vore naturvernar heile livet for å sjå galskapen i dette. No har kommunane Hareid, Herøy og Sande sagt tydeleg NEI til NVE sin plan, og vi reknar med at Ulstein, Vanylven og Volda gjer det same i kommunestyremøta etter ferien. På Stadt bles det opp til kamp om konsesjonen som er gitt på Okla.

Til slutt skriv Rise at han har lese «alt og litt til om vindkraft». Det er vel og bra, men korleis kan ein framleis vere positiv til ei slik utbygging i urøyvd norsk natur når ein veit at:

• Ein kan få like mykje straum som alle utbygde og konsesjonsgivne vindkraftverk ved å oppgradere eksisterande vasskraftverk samt innføre ENØK-tiltak (om lag 30 Twh, kjelde NTNU).

• FN seier tydeleg at truselen mot artsmangfaldet er like stor som klimakrisa, og nedbygging av naturområde er største problemet her. (Dette gjeld både vindkraft og hytteanlegg).

• Vindkraftutbygging raserer kyst- og fjellområder til evig tid, og øydelegg ikkje berre for fuglar, pattedyr, planter og insekt, men òg for dei som brukar naturen – i tillegg kjem støyproblematikk, iskast og visuell forureining både dag og natt.