Show med laus jakke

– Ina & Ørjan Show er eit show med «laus jakke», så i teorien kan alt skje, fortel Ørjan Liavåg.

Løye: Ørjan Liavåg og Ina Breivik kjem til Ulsteinvik med showet «Ina & Ørjan». Margot blir heilt sikkert med, og det same blir Jann Leite, ein figur som Ørjan Liavåg ikkje har gestalta så ofte på Hareidlandet, men som har gjort suksess i Ålesund. Pressefoto. 

Nyhende

Saman med makker Ina Breivik skal Liavåg på scena under Trebaatfestivalen fredag 16. august. Ina Breivik er mest kjend for karakteren «Margot» og for samspelet med gjengen i «S, M, XL». Ørjan Liavåg hugsar dei fleste som Leif-Per Moltubakk og «steikje fine gardiner», men han har også stått på scena saman med Marit Voldsæter, Christine Hope, Fredrik Steen og Dagfinn Lyngbø.

Ørjan Liavåg er fødd og oppvaksen i Hjørungavåg, men er no busett i Ålesund. Om karakteren Leif-Per Moltubakk blir med under showet i Ulsteinvik, kan han ikkje garantere.

– Det kjem heilt an på inspirasjonen. Leif-Per er i utgangspunktet ein sidefigur til Hildegunn Moltubakk (Fredrik Steen), og han fungerer ikkje så godt saman med andre, forklarer Liavåg.

Han garanterer derimot at Ina Breivik har med seg «Margot», og at ho som vanleg har mykje på hjartet.

Jann Leite blir med

Han er også sikker på at karakteren Jann Leite dukkar opp i showet.

– Jann Leite er bingovert på Terminalen i Ålesund, men oppvaksen på Leikong. Han er open tupébrukar og driv med ringmerking av småspove og svartbak. Han er tidlegare naturfaglærar og går i Fjellräven-kle, og kallar seg frilans-mediemann, samanfattar Ørjan Liavåg.

Han har ikkje spelt Jann Leite så mykje på Hareidlandet, men har framført han nokre gonger i Ålesund, med god respons.

Oppveksten på Hareidlandet har sett sine spor:

– Du kan ikkje ta bygda ut av mannen, kommenterer Liavåg.

Sjølv lever han eit variert frilanstilvære med base i Ålesund. Han hadde blant anna regien på «Klypa» sitt førre show, og no er han konsulent for komikaren Ørjan Burøe, som jobbar med eit nytt show. I tillegg har Liavåg eit lite lydstudio i Ålesund, og han har også eit musikalsk samarbeid med Lizz – Lisabet Brekke Sylthe frå Kvamsøya.

Etter at sommarturneen med Ørjan er unnagjort, skal Ina Breivik jobbe fram nye «Margot»-show.

– Eg gler meg til å spele på heimebane. Hildegunn og Leif-Per hadde show under Trebaatfestivalen for nokre år tilbake, og då var det god stemning, og eg trur det skal bli artig denne gongen også, seier Liavåg.