Jakta på stavkyrkjene

Hobby Eit vanleg syn langs vegane i Sør-Norge i sommar, bubilen vår parkert utanfor ei eller anna stavkyrkje. Her ved Øye stavkyrkje i Valdres. Kyrkja er frå slutten av 1100 talet, men vart riven i 1747. Då dei skulle renovere den nye kyrkja i 1935 fann dei materialet til stavkyrkja lagra under golvet. Øye stavkyrkje vart sett opp att og i 1965 vart ho vigsla av biskop Alex Johnson.  Foto: Jorulf Myrene

Nyhende

– Kan eg vere så snill å få sleppe inn, spurde eg, sveitt og andpusten etter å ha sprunge i rekordfart frå bubilen og opp til billettskranken ved Heddal stavkyrkje. Klokka var 16.55 og klokka 17 vart kyrkja stengd. Vi hadde køyrt som galningar frå Eidsborg stavkyrkje ved Åmot før på dagen, etter at eit kaffebesøk ved legendariske Dalen hotell hadde trekt seg litt meir i langdrag enn planen var. – Du få høyre med guiden, sa jenta bak disken og gav meg studentpris på billetten. Eg takka og styrta vidare bort til kyrkja. Heldigvis var porten høg og om ikkje nett direkte vid, så var han i alle fall framleis open. Eg ramla inn og lovde guiden å vere så rask som eg kunne. Den unge mannen var vennleg og synte meg rundt i det praktfulle bygget. Heddal stavkyrkje, 20 meter lang og 26 meter høg, er den største av dei attverande stavkyrkjene våre og er den einaste med tre tårn. Den vert av mange også rekna som den vakraste.