Konsert med Ufokusert

Gler seg: Bandmedlemene i Ufokusert gler seg til å spele i Festivalteltet under Trebaatfestivalen. Med i bandet er frå v.: Marius Osborg frå Ørsta (trommer), Svenning Veiseth, Hareid (piano), Henrik Stave, Ulsteinvik (gitar), Ludvik Brune Leikanger, Larsnes (bassist) og Emma Sævik, Fosnavåg (vokal).  Foto: Pia Notøy

Nyhende

Konserten med det interkommunale bandet Ufokusert blir eit av dei første arrangementa under Trebaatfestivalen i Ulsteinvik komande veke.

Indiepop-bandet spelar i Festivalteltet torsdag ettermiddag. Bandmedlem Henrik Stave frå Ulsteinvik fortel at medlemene går i same klasse ved musikklina til Volda vgs. Ufokusert kom seg heilt til Landsfinalen i UKM, dei har vore med på Musikkprisen, dei har spelt på scena til Terminalen i Ålesund og på Sommarljom i Ørsta.

- Målet vårt er å skape oss eit namn, seier Henrik Stave.