Nynorsken treng nokon som passar på

Er det så nøye? Folk forstår jo kva som står på skiltet sjølv om det er på bokmål.  Foto: Linda Eikrem

Nyhende

Norsk Målungdom har klaga på at Statens vegvesen brukar bokmål på eit skilt på ferjekaia på Hareid. “Ombordkjøring fra felt:” står det. På nynorsk skal det vere “Ombordkøyring frå felt:”. Målungdomen peikar på at nynorskkommunen Hareid krev nynorsk frå staten, og at vegvesenet difor må bruke det på skilta sine. «Statens vegvesen må sjekke kva målform dei skal bruke på skilta dei set opp. Eg synest staten bør ta ansvar her», seier Håkon Remøy i Norsk Målungdom.


 

Men er det eigentleg så nøye? Det er vel ingen reisande som misforstår skiltet på ferjekaia, fordi teksta er på bokmål? Folk flest har truleg ikkje tenkt over at det er brukt feil målform. Er det då noko å mase om?

Ja, det er det absolutt. Det handlar om eit viktig prinsipp, slik også målungdomen viser til. Det skal nyttast nynorsk i nynorskkommunar, det står til og med i vegvesenet si eiga handbok om trafikkskilt. Det handlar om identiteten vår, om å møte skriftspråket vi har lært på skulen i kvardagen.

Frå nyttår blir fem kommunar på Sunnmøre éin kommune. Dei fem, Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund, skal heite Ålesund kommune. I intensjonsavtalen heiter det at kommunen skal ha nynorsk som målform. Det inneber at kommunen, som Hareid og Ulstein, krev nynorsk frå staten. I tillegg skal kommunen bruke nynorsk mellom anna på nettsidene, i informasjonsmateriell og i protokollar og saksutgreiing frå møte i folkevalde og administrative organ.

Avgjerda er omstridd og mykje debattert, men valet av målform er uansett ein siger for nynorsken. Og nynorsken treng nokon som passar på. Det er vi sikre på at Norsk Målungdom vil gjere også i tida framover.