Daniel sel kamskjel han har plukka sjølv

Det er i alle fall to tusen kroner. Eg sparer til ny telefon, for den eg har no, er ikkje så veldig bra.

Nyhende

Dette er målet når Daniel og morfar Njål tek på seg dykkardrakt og fer ut med båten frå hytta i Eiksund.  Foto: Linda Eikrem

 

"Då går eg berre og gjer meg klar, eg." Elleve år gamle Daniel Skeide Vikanes er der han likar seg aller best: på besteforeldra si hytte i Havåg i Eiksund. Klokka nærmar seg 12.00, sommarferien er enno ikkje slutt, vêret er lettskya, lufttemperaturen er behageleg. Og det viktigaste: det er straks fjøre sjø. – Eg er her veldig mykje, eg synest det er veldig fint her, fortel han.