Har du ein idé til ei verksemd?

Vekst i Hareid og Hareid Næringsforum ønskjer å oppmode folk til å starte verksemder som kan skape vekst i kommunen. – Gode idear kan kome når som helst, seier prosjektleiar John Breivik.

«Vekst i Hareid»: John Breivik er prosjektleiar for «Vekst i Hareid», og uttrykkjer stor positivitet kring næringslivet i kommunen.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Storfjord-bassenget: Ifølgje prosjektleiaren for vekst i Hareid, John Breivik, finst det mange moglegheiter for framtidig næringsverksemd i Hareid kommune. No skal dei halde folkemøte for å få innspel frå innbyggjarane i kommunen.   Foto: Arkiv

Nyhende

29. august, klokka 19. arrangerer Vekst i Hareid og Hareid Næringsforum eit folkemøte i kantina til Hareid Group, der skuleborn, pensjonistar, etablerte verksemder og alle andre interesserte er velkomne for å dele sine tankar og idear. Tanken er å diskutere alle aspekt ved framtida til Hareidssamfunnet.

– Vi ønskjer å opprette ein dialog, og høyre kva bygdefolket tenker om framtida til Hareidssamfunnet når det gjeld nærings- og leveveg. Det er alltid spanande å høyre kva kreativitet og tankar folk har, forklarer John Breivik, som er prosjektleiar for Vekst i Hareid.

Kompetanse om havrommet

I Hareid har det blitt gjennomført ein næringsanalyse, der dei har funne ut kva som er dei naturlege fortrinna til Hareid, og området rundt.

– Det viktigaste fortrinnet vi i Hareid kommune har, er at vi har kjennskap og kompetanse om havrommet. Vi har dyktige, kompetente og lønsame bedrifter som kan gjere at vi kan utvikle oss vidare, seier Breivik før han held fram:

– Vi har sensorar i Hareidsfjorden, som fortel om straum og temperaturar. Dei brukte Hafast i sine forundersøkingar då det skulle utviklast nye ferjer til sambandet. Utvikling av slike sensorar er eit område vi har få leverandørar som driv på med.

– Ein har digitaliseringa av havrommet, som er veldig tidsaktuell, og som det ikkje er mange som driv med. I tillegg har ein mat ifrå havet, som også er eit fortrinn vi har. Men det mest naturlege fortrinnet vi har er Storfjord-bassenget, som er eit testområde som kan utviklast på ein veldig god måte.

Ønskjer innspel

Under folkemøtet kjem Brandølingen Monika Hestad, som til dagleg er busett i Oslo, og som arbeider som industridesignar og forskar, for å leie ei samling. Fokuset er å samle takar og idear som kan bidra utvikling i, og rundt Hareid.

–Ho skal leie oss gjennom ei øving, der tanken er å få fram gode idear og innspel til næringslivet. Då kan vi få påfyll til fleire spanande område å arbeide vidare med i framtida, fortel John Breivik.

Vekst i Hareid har allereie fått nokre innspel på korleis havområdet kan utviklast vidare. Planen er å sjå på det saman med bedriftene.

– Det er viktig for oss å ha ein dialog med verksemdene, så dei veit at vi er der for dei, og ønskjer å vere med å utvikle dei.

Hoppid.no kjem for å gi informasjon om det å etablere verksemder, i tillegg til å inspirere til vekst og utvikling i eksisterande verksemder.

– Har ein idear ein ønskjer å satse på, og halde dei for seg sjølv, kan ein få snakke om Hoppid.no om desse, forklarar prosjektleiaren, som er med på å arrangere folkemøtet.

John Breivik håpar at det kjem folk som ønskjer informasjon, og som vil klare å hente ut informasjon som kan vere viktig for deira bedrift og arbeidsplass i framtida.

– Vi ønskjer å engasjere folk til å skape Vekst i Hareid, og det kjem til å verte interessant, avsluttar han.