Nytta feriedagar til fjørerydding

Ungdomane Marthe Sandvik Skeide og Melody Pettersson Kieffer har rydda fjøra på Peholmen.

Strandrydding: Jentene fann meir enn nok søppel å fjøra. Dei synest det er godt å gjere ein forskjell. Foto: Trond Skeide 

Nyhende

Strandrydding er ein aktivitet som blir stadig meir populær. Det er mykje rart som blir hive på sjøen, og ein del av det driv i land i fjøra. Mange stader blir det arrangert årlege strandryddedagar, men det er fullt mogleg å plukke søppel også dei andre dagane i året.

Vikebladet Vestposten har fått tips om at ungdomane Marthe Sandvik Skeide og Melody Pettersson Kieffer har nytte litt av sommarferien sin på å rydde fjøra på Peholmen i Ulstein kommune. Dei har fått hjelp av båtførar Trond Skeide.

Jentene fann mykje isopor, store tau, masse plast (i form av flasker, snusboksar, blåser med meir), campingbord og ymse anna.

– Det er mykje å ta av, og det er bra å gjere ein forskjell, seier jentene i ein kommentar.

Kanskje nokon av lesarane våre blir inspirerte til å rydde ei anna fjøre?