– Kjapp deg om du vil ha med dei siste oppdateringane

Det er enno ikkje for seint å få med dei siste oppdateringane når det gjeld familietilhøva dine i den nye Personboka 2020, men det tek til å haste.

personboka: Personboka 2000 får ein oppfølgjar, Personboka 2020. – Boka skal vere ferdig trykt i midten av oktober, seier Sverre Bjåstad som oppmodar dei som måtte ha opplysingar som enno ikkje er sendt inn, til å levere frå seg desse så snart som råd..  

Nyhende

– Om to veker sender eg frå meg manuskriptet. Dei som ønskjer å få med dei nyaste endringane innan familien har framleis høve til å få gjort dette før den tid, seier Personboka sin far, Sverre Bjåstad.

Han vonar å ha boka tilbake frå trykkeriet til midten av oktober og kunne presentere henne for ålmenta i samband med Hareidsstemna.

– Boka vil vere å få kjøpt under Bigsetmessa og Brandalsmessa før jul. Deretter vil ho bli lagt ut for sal i dei lokale bokhandelane, seier Bjåstad.

Boka vil innehalde opplysningar om i alt 24.000 namn, av dette er rundt 4000 nye som ha kome til etter Personboka 2000.

– Boka inneheld også foto av i alt 350 personar fordelt på 61 fellebilete, fortel Sverre Bjåstad.

Tilflytting og utflytting er eit emne som Bjåstad har vigd særleg merksemd i den nye boka, både gjennom presentasjonar og via statistikk.

– Oslo er heilt klart den staden flest frå Hareid og Ulstein har flytta til. Det er 12,5 gonger så mange som har flytta herifrå til Oslo som frå Oslo og hit.

Lokale namneskikkar er også mellom emna som vert omhandla i boka.


Sverre Bjåstad nærmar seg innspurten for Personboka 2020

Sender korrektur til 4000

 

Gler seg til å bli ferdig

Sverre Bjåstad medgir at det skal verte godt å kunne verte ferdig med boka etter tre års arbeid.

– Men eg har fått veldig mange positive tilbakemeldingar frå folk, noko som har gitt meg ein ekstra giv i arbeidet, seier han.

Dei nye personvernreglane, GDPR, har gjort arbeidet med boka meir utfordrande, men samstundes har sosiale media ført til at det er enklare å kome i kontakt med folk.


No får du Personboka som e-bok

Mange har etterlyst den kjende og kjære Personboka 2000 for Hareid og Ulstein på digitale plattformer. Slik får du tilgang til Personboka i e-bok-format.