Dei attgløymde avisene i Pisa

Langt heimanfrå Desse to avisene vart funne forletne på eit sete på Gallileo Gallilei-flyplassen ved Pisa i Italia torsdag. 

Nyhende

Korleis har det seg at to utgåver av Vikebladet Vestposten har hamna på eit stolsete på ein italiensk flyplass? Utgåvene er ikkje ein gong vidare ferske, den eine er frå 4. juni, medan den andre er datert 2. august.

Det var Audun Hopland, for tida på ferie i Italia, som kom over dei to avisene på flyplassen Gallileo Gallilei torsdag 15. august.

- Heilt uforvarande vart eg merksam på ei setning som lyste mot meg fra eit forlatt sete i terminalen. «Hødd feirar 100 år», stod det, fortel han.

Hopland let ikkje høvet gå i frå seg til å oppdatere seg på nytt heimanfrå og tok med seg avisene.

- Sugen på lokale nyhende som eg var, etter mange uker på loffen i Toscana, vart desse prompte plukka med, då ingen openberre eigarar var i nærleiken, opplyser Audun Hopland.

Er det nokon som har løysinga på mysteriet om korleis dei to avisene har hamna i Italia, tek vi gjerne i mot tips.