Ny runde med «Frå pub til katedral»

Ein av publikumssuksessane under Trebaatfestivalen i fjor var «Frå pub til katedral»-konserten med Sindre Løvik og kompanjongar. No satsar dei i Ulsteinkyrkja på nytt.

Satsar på nytt: Sindre Løvik (t.v.) og Rune Garen (pluss Morten Bollerud) skapte god pub-til-katedral-stemning i fjor. No satsar dei på nytt og har fått med seg Oddvar Knardal i tillegg.  Foto: Linda Eikrem

Nyhende

Kyrkja var så å seie fullsett - og tilbakemeldingane var gode - så kyrkjekontoret meinte dette måtte få ein reprise.

I fjor hadde Løvik med seg Odd Garen på banjo og song og Morten Bollerud på trekkspel og irsk tromme (bodran).

I år blir flokken utvida med rovdestrandingen Oddvar Knardal på gitar og song.

Løvik sjølv spelar gitar og syng. Og pratar.

- Vi skulle gjerne ha fått med oss ei fele også, men slik vart det ikkje, seier Løvik, som satsar på både irsk og norsk musikk, som ligg i spennet mellom puben, katedralen, båten og havet.

- Etter konserten i fjor fekk vi ei oppmoding om å gjere det endå meir rufsete, seier Løvik. - For dette er ikkje finslipt musikk. Vi er ikkje så finslipte nokon av oss, vi øver ikkje, men kjem i lag og spelar - slik det også er på irske pubar.

- Men det blir ingen jam session, heller, seier Løvik, som var forbausa over den gode mottakinga i fjor.

- Men eg trur denne musikken ligg litt i blodet vårt, der er eit eldgamalt samband mellom Norge og dei britiske øyane.


Rune Garen kjem, som Løvik, frå Dalsfjorden - og dei to er faktisk også i slekt. Garen bur no i Eiksund, medan Løvik bur i Volda, der han er i teneste som prest, og elles syng og spelar gitar. Då dei to opptrådde i Ulstein kyrkje i fjor, var det første gong. Tidlegare har dei spelt i lag berre i private samanhengar.

Som i fjor trur Løvik det vil gå i orden å få godkjent repertoaret. - Irsk musikk har alt, frå tulleviser, via drikkeviser, med svartaste sorg og sakn til såre og lystige kjærleikssongar - til åndelege songar. Eg likar spesielt godt blandinga av dur og moll, gjerne i same song.


Ulstein kyrkje - Frå pub til katedral - fredag 16/8 kl. 18.