Statsministeren blir gudmor for Color Hybrid

Statsminister Erna Solberg blir gudmor for Color Hybrid.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Color Hybrid blir døypt i Sandefjord 23. august, og statsminister Erna Solberg blir gudmor. 

Nyhende

Morgonen fredag 23. august blir verdas største plug-in hybridskip, Ulstein Verft-bygde M/S Color Hybrid døypt. Og gudmora for skipet er ingen ringare enn statsminister Erna Solberg. Ho skal stå for den høgtidelege dåpen, som finn stad i Sandefjord. Skuta skal som kjent gå i rute mellom Sandefjord og Strømstad i Sverige, og byrjar å gå i dag, 16. august.

-  Dåpen er ein milepåle ikkje berre for Color Line, men for ei samla, norsk maritim næring, seier konsernsjef i Color Line, Trond Kleivdal, som legg til at selskapet er stolt av at statsminister Erna Solberg takka ja til å vere gudmor. 

Det 160 meter lange skipet har ein kapasitet på heile 2.000 passasjerar og kan ta om bord opp til 500 køyretøy.