Første skuledag i morgon

Politiet ber bilistane vise omsyn

Arkivfoto av born på veg til skule. Politiet oppmodar foreldre til å trene borna på skulevegen ved å gå saman med dei og snakke med dei.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Møre og Romsdal politidistrikt melder om at dei intensiverer trafikk-kontrollane dei nærmaste par veken i samband med skulestart.

Meir enn 3000 førsteklassingar her i distriktet har sin første skuledag i desse dagar. Det vil seie at mange små ferdast i trafikken på veg til og frå skule. For dei aller yngste kan det vere ei spesiell utfordring.

- Borna har ei trafikkforståing som ikkje er godt nok utvikla, og alle bilistane må vise ekstra omsyn på skulevegen, seier Steven Blindheim i ei pressemelding. Han er trafikk-koordinator i Møre og Romsdal politidistrikt.

Sjølv om hovudansvarer ligg på bilistane, understrekar Blindheim at også foreldra har eit stort ansvar for å gje borna ein trygg skuleveg. Han seier at det er viktig at foreldra trenar med borna på skulevegen, går saman, snakkar saman og at dei vaksne er gode førebilete for borna.

- Det er viktig å vere klar over farane knytt til ein del moderne el-framkomstmidlar, seier han.

I Møre og Romsdal har ingen born (mellom 6 og 15 år) blitt drepne i trafikken dei siste fem åra, men seks born har blitt hardt skadde.