Kommunebarometer:

Norske kommunar ikkje så verst stilt

Den fallande prisen på olje har særleg vore negativt for utviklinga på Vestlandet, ifølgje kommebarometert. Her hamna i Stavanger.   Foto: Alf Ove Hansen/NTB Scanpix/NPK.

Nyhende

(NPK-NTB): Forskjellane mellom kommunane her i landet krympar. NHOs årlege barometer Kommune-NM, viser at kommunane som tradisjonelt ligg nedst, har styrkt seg.

Det er spesielt kommunane i Nordland og innlandskommunane i Hedmark og Oppland som har styrkt seg over tid, når ein gjer ei snittutrekning.

Kommunane i Nordland som rangerer lågast på den årlege målinga, har hatt størst framgang dei siste fem åra, ifølgje rapporten som E24 omtaler.

– Det er veldig gledeleg med positiv utvikling. Nøkkelen til å gjere det bra er arbeidsplassar i dei private bedriftene. Når bedriftene har ei positiv utvikling, så har kommunane ei positiv utvikling, seier NHO-sjef Ole Erik Almlid.

Han heiar på at dei som lykkast, og dei som skaper arbeidsplassar, må bli eit viktig tema i lokalvalkampen rundt om i landet.

På botn

NHO har publisert Kommune-NM årleg sidan 2013. Her blir kommunane rangerte ut frå rammevilkår og prestasjonar for næringslivet. Undersøkinga omfattar temaa næringsliv, arbeidsmarknad, demografi, kompetanse og kommuneøkonomi.

Øvst på lista for i år finn vi Oslo, Sola og Bærum, medan Fosnes, Kvalsund og Kvæfjord ligg på botn.

NHO-sjefen trøystar kommunane, som enten har rykt ned på lista eller som ligg langt nede, med at ein ikkje nødvendigvis gjer ein dårlegare jobb. Dei kan ha vorte forbigått av andre som har styrkt seg meir enn snittet, og, som allereie beskrive, er det i dag kortare mellom topp og botn enn tidlegare.

Almlid har denne lista til kommunane som vil styrke det lokale næringslivet sitt: Ha tilgjengeleg næringsareal for eksisterande og nytt næringsliv. Rask behandling av søknader av til dømes bygg. Jobbe for å få gode samferdselsløysingar.

– Vi ser at eit godt samarbeid mellom det private og offentlege skaper gode løysingar. Dette betyr mykje, og mange fleire ordførarar enn tidlegare ser verdien av samarbeid for å løyse oppgåver og å skape næringsliv, seier han.

Tettbygde strøk

Det er altså kommunane i Nordland som har gått mest fram og kommunane i Rogaland som i snitt har gått mest tilbake dei siste åra. Ifølgje rapporten, som Menon Economics har utarbeidd for NHO, speglar endringane den fallande prisen på olje. Det har særleg vore negativt for utviklinga på Vestlandet.

Kommunane som toppar lista, ligg på austlandsområdet, langs kysten i Sør-Noreg og i byområde. Desse kommunane har byar eller større tettstader, er prega av utdanningsmiljø eller høgteknologimiljø eller har oppdrettsnæring og energiproduksjon. Enkelte reiselivskommunar gjer det òg bra.

Dei som rangerer lågast, ligg i Trøndelag og nordover, og dessutan det indre av Austlandet.