Ønskjer å revolusjonere brubygging:

Kan spare Ferjefri E39 for 10 milliardar kroner

Bjørnafjorden: Slik ser Statens vegvesen føre seg kryssinga av Bjørnafjorden i Hordaland. Dersom flytebrua blir ein realitet, vil ho bli 5,4 kilometer lang. Dessutan er det planlagd firefelts veg over brua. Berre på dette bruprosjektet åleine vil ein kunne spare 1 milliard kroner ved å nytte ei prosesslinje for stålbygging ved hjelp av lasersveis, som Ulsteinvik-baserte Prodtex AS har utvikla. Skisse: Statens vegvesen.  Foto: Statens vegvesen

I den digitale verda er verktøya ein nyttar veldig viktige

Tore Roppen, Prodtex AS
Nyhende

Ulsteinvik-verksemda Prodtex AS har utvikla ei prosesslinje for stålbygging ved hjelp av lasersveis som kan føre til at kostnadsramma ved bygging av bruer langs ferjefri E39 kan reduserast med så mykje som 10 milliardar kroner. – Og dette er faktisk berre eit forsiktig anslag, fortel Tore Roppen i Prodtex.