Den gong tida stod stille

Tid er relativt: Medan dei vaksne uroar seg for kor fort det går, går borna rundt og synes det går sakte. 

Nyhende

Den største skilnaden på born og vaksne, er forholdet til tid. Som liten går du heile tida og ventar, ser fram til eller tel ned til noko. Tida kan ikkje gå fort nok. Det er så lenge til alt dei gler seg til og ventetida er ikkje til å halde ut. Eg har to jenter på seks og to og den eldste har for alvor byrja å reflektere over tid – utan å tilsynelatande skjøne stort av det.